STORHELLER

Terrenget ligger ca der hvor hvit firkant er plassert (se kartbilde lenger ned).

Høgfjellsterrenget Storheller ligger på Hardangervidda i nordvestre del av Telemark, Vinje kommune. Det er ca 63000 mål stort og strekker seg fra skogkledde lier i 1000 m.o.h. til snaufjellet på 1500 m.o.h. Navnet Storheller kommer av at det er en stor hidler på terrenget under en stor stein like ved Storhellertjødna helt vest i terrenget.

Kupert, med fjelltopper, daler og 15-20 små og større fiskevann og 20-30 km elver, gjør at terrenget er et attraktivt rekreasjonsområde.

Fra gammelt av ble terrenget først og fremst benyttet som beite for krettur (primært kyr), derfor er det opprinnelige navnet Fæbeitet Storheller. Gjeteren dreiv buskapen rundt til de forskjellige gode beiteplassene, og her rigget han seg til et krypinn eller læge. Læger var det i alt 14 stk av, og de var plassert slik at i tillegg til godt beite, var det en god fiske- og jaktplass der.

Etter at det ble slutt med husdyr på høyfjellet, og folk har fått mer fritid, har Storheller fått mer og mer betydning som et fritids og rekreasjonsområde med jakt og fiske som viktigste fasiliteter. Været er viktig for flora og fauna. Våren er kort oppi fjellet, det går nesten fra vinter til sommer. Blir det en fin forsommer uten nattefrost, kan høstingen av både molte og blåbær bli god, og ofte er det også på høsten en har det beste fisket. Høgfjellet er sårbart så derfor er det viktig at en ferdes med respekt og ikke skader og forsøpler naturen. Av Storheller ligger ca 1/3 i nasjonalparken. En kan jakte og fiske her, men ikke "flytte på en stein". Nede ved Songa er det bjørkeskog og hver vinter brekkes mye ned av snøen. Dette forsøkes samlet og hugget til fyringsved i hyttene. Stiene i de lavere områdene har tendenser til å ville "gro til" med dvergbjørk, og også dette er en målsetting å holde nede for å gjøre det greit å ferdes. Også utlegging av planker på de våteste myrområdene er gjort for å bedre turstiene.


Bilde: Bro Storhellerhelva


Bilde: Utsikten over Ormevann.

Fiskeagn som ørekyte er selvfølgelig helt ulovlig. Vennligst les mer om ørekyte under følgende link: http://vann.zoo.uib.no/VANDA/avis/nr2/orekyt.html



 

Storheller – historisk oppsummering i 2015

Av Rune Selvik, ein i søskenflokken (Nina, Sigbjørn og Dag Magne) etter Signe, 11.2.1933-24.6.2006 og Nikolai Selvik, f. 27.6.1940.

Signe og Nikolai har 13 barnebarn etter seg.

 

Storhellerterrenget kom inn i vår familie fra Signe Rabbe, født i eit lite ”privat»-hus i Røldal, bare eit par hundre meter frå der ho vaks opp. Hennar mor, Durdei Sveinsdotter Rabbe (Groven, født på Haukeli 1900), var gift med Helleik Helleiksson Rabbe som var Røldøling. Dei dreiv lenge i Valldalen med stølsdrift og drift av turisthytta der. Her leigde dei både kyr og geiter for sommar-beite, og malka og ysta fram til ca 1966. Det vart difor lite tid til å nytta seg av Storhellerterrenget som Durdei hadde arva i Grovenfamilien på garden Skytja (Haukeli, Groven) i Vinje. Mor hadde ein «ekstrafamilie» i Røldal der ho var født som ho budde hjå heile skuleåret i barndommen for å gå på skule i Røldal.

 

 Fjellturismen starta på 1800 talet på Hardangervidda, men det var utover på 1900, og særleg frå midt på 1900-talet at denne type turisme tok seg opp (fleire turisthytter over vidda).

Søskenflokken hennar var Knut, Osmund, Åsne, Malla (Margit) og Durdei Groven (gift Rabba). Knut var odelsgut og arva garden heime. Osmund fekk Bordalsterrenget og Durdei Fæbeitet Storheller.  

                                                                       Signe øvst og Durdei nedst, frå Valldalen

Ettersom Durdei ikkje nytta seg av Storhellereigedomen, var det Knut som disponerte terrenget i mange år. Og det var ikkje lett å ”gi det frå seg” då Nikolai vart gift med Signe og vart interessert i fjelleigedomen med jakt og fiske. Men Knut vart gamal og skjøna jo etter kvart at hans tid også laup ut. Han fikk vera i Storheller like fritt som tidlegare, men døydde roande på Songa – nær 80 år gamal i 1974.

Knut skal ha felt denne bukken på 160 kg i Vassdalen. Kanskje største dyr skote på Hardangervidda:

Osmund vart aldri gift, og difor fekk Svein, sonen til Knut, overta Bordalseigedomen. No er denne eigd av Tor Gunnar Groven (Tolle). Bordalen og Storheller er eit felles jaktvald (268).

 

 

Frå eldre tider

Det skal ha vore 14 læger på Storheller frå gamalt av. Desse var mest sannsynleg fe-læger for driftefe på beite i fjellheimen – ressursane måtte nyttast. Lægrene var av hensyn til mat og anna nytte, plasserte der det både var godt beite, men også godt fiske og jakt. Mest sannsynleg var også mjølk eit supplement for å metta magen inne på fjellet. Til transport – i alle fall av kjøt (reinsdyr), veit me at kløvjing var vanleg.  (Lenger nordpå var Hardangervidda transportkorridor for kløvtransport av talg, smør, ost, sild, eple, humle mm). Med bare føtter eller tresko skjønar ein at tunge børar i tillegg ville vera upassande!

Frå enda lenger tid tilbake – heilt frå isen trakk seg tilbake  (eldste funn frå 6300 f.Kr), var det jegrar (Vikingar) som trakk inn på vidda etter reinen. Heile 250 steinalderplassar er funne. Dei jakta først med pil og boge, men seinare med fangstanlegg som dyregraver. Ei dyregrav var gjerne 2 m djup, 1,5 m lang og 80 cm brei. I 1863 vart dyragraver forbode med lov. På Storheller ser me restane etter ei dyregrav i austre ende av Kroktjødnane. Det er også funne gamal pilspiss på Storheller.

Ein periode var det stor skog opp til 11-1200 m på vidda, men denne døydde ut og forsvann. No ser me stadig nye tresortar og ei tregrense av bjørk som stig oppover igjen i Storheller. Stadige innslag furuspirer høgare i terrenet er også blitt vanleg – denne ved Viervatn er visstnok utdøydd (avbilda 2010):

 

Starten med Nikolai i Storheller

Nikolai hadde heilt tilfeldig vore på Hardangervidda og Storheller allereide før han vart kjend med Signe Rabba. Han, Arne Lunde og Odd Grøthe og Nils Kvernstrøm hadde teke ein sving innom Storheller – der det skulle vera fin fisk, og berre ei gamal dame som eigde!

Men i 1967 tok han og Signe turen inn til Storheller, og måtte då overnatta i ei heller nedslarva og skiten Ormevannshytte. Skåpet var eit alternativ, men der var bare jordgolv, og enda kummerlegare (bilete nedunder til høgre).

Nikolai fann ein ny draumestad for Storhellerhytte. Først sto ei enklare hytte på denne flotte tomta med Storhidleren bak i bilete. Kampinghytta hadde han heime i Sauda, eit fellesprosjekt med broren Olav Selvik – med «utleigeformål». Men denne vart foken heil med helikopter (truleg Bell 214 med 3,2 tonn lyftekapasitet).  Dette var starten på ein periode med erfaringshausting med det tøffe høgfjellet, med reinsjakt og fiske, fiskekultivering og tjuvfiske (ubodne hyttegjester) med meir. Dei som var med i denne perioden var broren Olav Selvik, Tor Geir Solbrekk, Ola Stråbø, Inge stråbø og i blant svogeren Erwin, søskenbarnet Paul med fleire.

 

Etter kvart vart Olav Hugdal med, han skulle bli det tettaste følge dei neste tiåra. Olav Hugdal hadde også årlege turar med kona Sigrun opp til Storheller. I ein alder av til sist 76 år, var det forståeleg at siste etappe på turen frå Ulevå vart tung. Her frå «Hugdalstripå», der stien vart meir utbetra i 2014 (frå Vassdalsvatn og i retning mot Skåptjødna):

 

Etter 10 år og nokre mindre påbygg på «campinghytta», bygde Nikolai ei ny og større hytte på same tomta, og reiv den gamle. Oss gutane vart nok ei god hjelp oppi dette, og ikkje minst Olav Hugdal som jamt var med på alle byggeprosjekt! Materialtransporten føregjekk med innleigd hjelp (visel + bamse tobelta scooter) frå familien Øvregård i Røldal. Materialane var delvis tilskore heime på plenen i Sauda, og murane delvis klargjorde rundt gamlehytta. Den nye hytta var 6x5 meter. Campinghytta vart slept med talje ut på snøen ved sida, og tente til «brakke-hytte» i byggetida. Ho vart så riven og sagd opp til ved.

Den vanlege transporten til hyttene; ved, propan, parafin, båtar, materialar etc vart leigd av Hermansen i Vinje i fleire år (mot reinsjakt), men i 1985 (?) kjøpte Nikolai ein Bamse snøscooter sjølv, og me fekk løyve til å transportera ved etc til hyttene. Med tilgongen til ved på Songa, vart det praktisk og greitt med vedovnar i alle hyttene.

 

Ormevasshytta er frå 1926, og vart bygd av direktør Nilsen på Stord Kisgruver. Han tilbrakte fleire veker av somrane der oppe, og Åsne Groven, syster til mi bestemor, var med han for vertskap (han var visstnok også felen). Ho plukka molter (derav Åsnedalen) opp mot Vassdalsvatnet. Brått kunne Nilsen seie at no måtte han opp i Storhellervatnet for å fiske – han «lukta» på veret at no beit fisken. Og han fekk jamt rett!

Mest spanande historie om Ormevasshytta er gjengitt av Knut Haukelid; dei overnatta i Ormevannshytta då dei farta som tungtvassabotørar på Hardangervidda!

Våren 1988 vart Ormevannshytta renovert med nye vindauge og ytterkledning. Her med Bamse snøscooteren framom.

 

Kjøttransport

Sjøflytransport var svært vanleg på Hardangervidda frå rundt 1960. Denne «epoken» skulle vara heilt til 2012, då helikopter overtok for fullt. Problemet med Cessna sjøflya var at det mangla erfarne fykerar; fyking på Hardangervidda var krevjande – og truleg risikabel (grunner i vatn, skodde, vind, mørke&hellip. Nokre av dei som flaug til Storheller var så dristige at dei landa på dei mindre vatna, blant anna Ormevatnet. Men det var ikkje alltid pilotane var like greie; både Norvang og Danielsen   vart tekne for det eine og det andre. Og på Storheller gjorde dei også ulike ulovlegheiter. (senking av fly for forsikring og innbrot i hytter&hellip

 

Fleire hytter

I 1980 vart det bygd to små jakthytter heime i Sauda (3 x 4 meter). Desse vart køyrd med lastebil til Ulevå, og derifrå flydd med helikopter (Bell 214) inn til henholdsvis Vassdalen og Viervatn. Her var murt opp fundament som hyttene vart sett rett ned på. Min farfar Ragnvald fekk ved dette høvet anledning til å vera med i helikopteret då hyttene vart flydd inn, hans einaste tur inn. Men han var allteid opptatt av korleis turane våre hadde vore, og fortvilte om det ikkje vart fisk; «Nei seie du det, ikke ein fisk!». Etter berre kort tid skjøna Nikolai at me ikkje kunne nytta oss av desse hyttene sjølve, og sat ei annonse i Aftenposten om åremålsutleige. Den første som ringde var Knut-Erik Larsen frå Drammen. Han hadde hytta rundt 25 år, og hadde heile 1600 overnattingsdøgn der fram til hausten 2012. Særleg frå starten hadde han kona Kathe med seg (herav namnet Kathe-steinen, som ho bygde på og motorvegen – som ho meinte det likna på. Knut-Erik hadde også «Fattern» med seg lenge, særlig vinterstid, seinare vart Arild ein god jaktkamerat og følgesven.

I Vassdalen var det Øyvind Lie frå Stavanger som leide hytta på åremål – og han held stand i sin beste alder! Også han har vore ivrig brukar både somar og vinter, og driv aktivt både jakt og fiske – og han har no bygd opp gode vedlager rundt hytta! Dei fleste turane vert inn Songa med båt, og då er det ein heil tur opp til Vassdalen!

Ved Songavatnet stod det også ei hytte etter oppdemminga i 1962. Dei trong ryddarhytter, og sette opp enkle hytter til å bu i medan dei rydda bjørkeskogen som ville koma under vatn. 3 mann frå Skien fekk leiga denne hytta mot at dei rydda området. Det var ikkje fritt for søppel; flasker og blikkboksar mm i området, blant anna rundt hytta Svein Groven hadde ført opp nede ved vatnet (på lavo-staden nær der ein kvelva båt ligg no).

Ny Songahytte

I 1985/86 vart ny Songahytte bygd. Denne vert seinare påbygd med 3 soverom i 2013, og kan no i teorien ha 16 liggeplassar!

Lenge hadde me vore i Storheller utan å ha båt og «kjennskap» til den greie adkomstvegen over Songavatnet. Dette vart særleg greitt då det kom småbarn inn i familien, ein trong ikkje vente til dei klarte å gå inn frå Ulevå! Ikkje minst var det ei positiv overrasking å oppleve det gode fisket i Songa!

Stein Olav Åsland var interessert i reinsjakt, og kom i kontakt med Nikolai heilt frå starten då den nye Songahytta var bygd. Dei var til saman 4 mann (lensmann og politi) frå Porsgrunn, som har vore trufaste både som jegrar og fiskarar til Songa kvart år. Stein Olav hadde også fleire år far sin med på jakt, Gunnar. Han hadde tilhald i steinen på høgda i Viervollen, derav namnet Gunnarstein. (Stein på jaktradio, eller sannsynligvis walki-talkie: «Noe nytt?», Gunnar:»Ja, dere kan komme og bæra». Selv var Stein Olav den som organiserte jaktlaget – og hans posisjon på Songamoen har selvsagt blitt Lensmannskula!

Legrene restaurert og teltliv

Olav Hugdal og Nikolai var driftige med bygging og renovering av hytter. Ormevannshytta fekk som nemnt nytt (og tett) tak, nye vindauge og ytterkledning. Og både Vassdalslæger og Hola vart bygde opp med tette tak og vedomnar samt enkle senger. Ein heil periode frå rundt 1990 vart desse legrene nytta på ny – til jakt og fiske. I Hola var Sigbjørn, Tore Borlaug, Steinar Årthun og underteikna med. Var det meir enn to måtte dei andre liggja i telt. Rundt år 200 tipsa Knut Erik Larsen om eit militærtelt i ein hidler like i nærleiken, og dette fungerte som «jakthytte» for jaktlaget til underteikna fram til år 2012 då Knut Erik ikkje kom seg til Vierhytta lenger og me overtok der fram til no i 2015 då Fjølabu vart vår jakthytte. Jon Nordby, Tore Borlaug, Sigbjørn og eg var fast jaktlag i militærteltet i Hola. No har teltet vore nedpakka og unytta dei siste åra.

 

Vassdalslæger vart reinsjaktbasen for Rolf, Helge og Steinar og seinare også Olav jr. og Håkon – og i ein periode også far til Rolf (min onkel), Olav Selvik. Olav var der fram til 2012, i ein alder av 74 år. Då nytta dei lavo utanfor lægeret for å få nok plass! Haugen bak lægeret var naturleg nok Olav sin speidestad etter reinen – og haugen får namnet Olavshaugen!

Olav gjekk attende til Storhellergjengen då helikoptertransport vart naudsynt, og Rolf og dei andre overtok Ormevasshytta då «Kittelsen»-gjengen vart pensjonerte omtrent samstundes som Knut Erik gav seg i Storheller.

 

 

Tamreindrift

Nord ved Hellevatnet har det vore jamt liten aktivitet frå Storheller. Dette ligg i nasjonalparken, og her er ikkje lov å «lea ein stein». Noko læger eller hytte er difor uaktuelt, og det har berre vorte sporadiske fisketurar til Hellevatnet. Jaktturane går imidlertid gjerne opp dit – når det er tomt for dyr i dei meir sentrale strok…

Lenge hadde …? Kalleland hytte på grensa mellom Storheller og Røldal (Hordaland og Telemark). Han fortalde at neset i Hellevatnet heitte Mjølketongen fordi dei der mjølka tamreinflokkar frå gamalt av. Knut Groven meinte at det vart ei samanblanding mellom villrein og tamrein ein periode etter krigen (då tamreindrifta vart gitt opp), og at dyra då vart mindre redde. No kan me vel rekna at villreinen er rimeleg «vill» igjen, sjølv om den jo høyrer både flydur og scooterdur gjennom året. Og ikkje minst fertar oss menneske som ferdast.

 

Sauebeite

Då Nikolai overtok Storhellerterrenget var det utbreidd sauebeite på Storheller. Tysver beitelag hadde lange avtalar til låge prisar… Etter mange år, og også fornying av avtalar, mistenkte Nikolai at reinen ikkje treivst så godt i lag med sauen, og reduserte og etter kvart avvikla sauebeite-leiget. Dette vart eit tidsskilje når det gjaldt kor mykje rein som var i terrenget og fellingsprosent av rein på Storheller.

Namn i Storhellerterrenget

Ettersom det er lite namn på det offisielle kartet over Storheller, har det vore ønskjeleg og naudsynt å supplera med namn. Eit eksempel på godt innarbeidd namn er Sandstranda i Vassdalsvatnet (Første, sørligste Vassdalsvatn). Denne ligg i austre spissen av vatnet.

Det tidlegare nemnde namnet Kathe-steinen kom av at Kathe jamt bygde litt på varden då ho gjekk turar opp på denne toppen mellom Vierhytta og Fjølabu. Ringekula er etter Knut Erik Larsen som etter kvart måtte ut av hytta for å ringe. Med stor antenne hadde han klart å ringe med 450-systemet på mobiltelefon, men då dette vart nedlagt klarte han med god antenne å ringe frå Ringekula, høgda mellom Viervann og brua på Songa.

Det har nok vore mange fleire namn i terrenget frå dei som var der før. I ein anledning spurde eg nokre sauesamlerar (på leit etter «tjuvbeitesau» i Storheller), om dei hadde lokale stadsnamn. Eg fekk då vite om Suppavikjå, Perleporten, Seglskutå og Ålbogen. Ålbogen er knekken på Storhellerelva nedanfor brua ved Storhellervatnet. Suppavikjå er faktisk det me har døypt til Sandstrandå, og namnet kom av at ein sauasamlar skulle venta der og passa dei sauene dei hadde funne inntil dei andre kom attende. I mellomtida kokte han suppa, men då dei andre kom tilbake var saueflokken borte. Då vart det Suppavikjå!

Eg trur Storhellerhistoria får vera open – og at bidrag frå dei som les ho vert supplert og korrigert i åra framoverJ.

Helsing Rune, 2015